
Slik ser det ut under anleggsarbeida langs Ullestadåna. Foto: Arnfinn Nilsen, Norges Miljøvernforbund
I løpet av forholdsvis kort tid har det blitt bygt over tusen små kraftverk i Norge. Inngrepa i Øvre Ullestadåna i Årdal viser kor stor skade sjølv små kraftutbyggingar kan gjera på naturen.
I kraftfylket Rogaland er allereie rundt 80 prosent av vannkrafta bygt ut, og i Ryfylke er det snart knapt ein bekk eller småelv som ikkje er påverka av kraftutbygging. NRK, som har laga fleire saker om naturtapet i Norge, fortalde nyleg at styresmaktene ikkje har oversikt over kva naturverdiar som kan ha gått tapt på grunn av dei små kraftverka. Øvre Ullestadåna i Årdal er eit døme på denne negative utviklinga for vassdragsnaturen. Elva har vore ein naturattraksjon i området, og er blitt lagt merke til av dei som tek turen til skiutfartsområdet Lyngsheia. Nå blir dei forbipasserande møtt av eit stort anleggsområde, der terrenget langs elva er gravd ut og øydelagt.
Selskapet Hywer AS har i fleire år hatt utbyggingskonsesjon frå NVE, men måtte også ha dispensasjon frå kommunen for å bygga ut Øvre Ullestadåna. Både Naturvernforbundet og Miljøvernforbundet påklaga vedtaket, blant anna på grunn av funn av fem sjeldne artar, der ein av dei var raudlista. Men klagen nådde ikkje fram, verken hos Hjelmeland kommune eller Statsforvaltaren i Rogaland.
Nå, når også vassdragsvernet er blitt svekt av Stortinget, er det fare for at endå fleire elver kan bli lagt i røyr. Sidan år 2000 er talet på små kraftverk i Norge tredobla. Fleire tiår med vannkraftutbygging trugar allereie over hundre norske artar og naturtypar, kjem det fram i den nemnde NRK-artikkelen. Her blir det også fortalt at for minst 6 av 10 små kraftverk var det aldri noko krav om konsekvensutgreiing før byggestart.
– Me kan ikkje halda fram med å forsyna oss av elvene, bit for bit, utan kunnskap om sumverknaden, uttalte seniorrådgjevar Einar Heegaard hos Statsforvaltaren i Rogaland i NRK-artikkelen.
I Rogaland kjem det stadig vekk nye innspel og søknader om små kraftverk. Det store fleirtalet av politikarane jobbar for at samfunnet skal få auka tilgang på straum, blant anna fordi både straumprisen og kraftbehovet aukar kraftig når utanlandske aktørar skal byggja energikrevjande datasenter i landet vårt.
Sjølv om mange av dei nye kraftverka er små, og kvar for seg ofte kan byggjast utan større naturinngrep, er summen av desse alvorlege for naturen, og særleg i eit fylke der dei fleste av vassdraga våre allereie er bygt ut. Naturvernforbundet i Rogaland meiner at grensa er nådd for lengst.

Rune Folkvord i Naturvernforbundet blei intervjua av NRK før utbygginga i denne elva var endeleg vedtatt. Foto: Arnfinn Nilsen, Norges Miljøvernforbund