Vegen er bygd i nedbørfeltet til Hamrabøåna som er varig verna mot kraftutbygging. Vegen har og skada myr og andre sårbare natur- og kulturverdiar. Grunneigar meiner vegen er så «mild» at den ikkje er å rekna som søknadspliktig. Det var ikkje kommunen einig i, men politikarane meinte likevel at den kunne godkjennast. Ein tilsvarande vegtrasé har tidligare blitt omsøkt og blei då avslått av fylkesmannen i Vest-Agder i 2011.
Den ulovlege vegen oppfyller ikkje kriteria i forskrifta om landbruksvegar, hevdar Statsforvalteren. Om det er rett må kommunen følgje opp vegsaka i medhald av plan- og bygningsloven og dei reglane i loven som gjeld ulovlege tiltak. Grunneigar har høve til å klage Statsforvalteren sitt vedtak inn for Landbruksdirektoratet.
Det var Naturvernforbundet som i si tid fremja klage på vegprosjektet som i 2009 gjekk under namnet Kroleitevegen. Den ulovlege vegen følgjer nesten same trase, men går no under namnet Hovdestølvegen. Naturvernforbundet har klaga vegbygginga til kommunen, men klagen er ikkje behandla fordi Statsforvalteren allereie har oppheva kommunens løyve til vegbygginga.
Foto: Grunneigar Jarle Tveit har bygd veg inn til Hovdestølen utan å søke om løyve. Foto: Erik Thoring
Hovedfoto: Statsforvalteren meiner vegen som er bygd i Hamrabøheia er ulovleg og må handsamast etter plan- og bygningslova. Bilete er tatt i november 2019. Foto: Erik Thoring