Naturvernforbundet, både sentralt og lokalt, har hatt ein kraftig medlemsauke i år.
På landsbasis har medlemstalet auka med om lag 4.700 medlemmer sidan nyttår, som er ein auke på nærare 13 prosent. Forbundet har i dag 41.823 medlemmer. Også i Rogaland har det kome til mange nye medlemmer. Her er veksten enda høgare, på heile 15 prosent.
I Rogaland har det i år også kome til eit nytt lokallag, i sørfylket. Lokallaget i Dalane hadde stiftingsmøte måndag 25. november. I fjor blei det danna nye lokallag i Suldal og Sandnes. Dei nye lokallaga har bidratt til både aktivitetsauke og rekruttering av nye medlemmer.
Til dømes har lokallaget i Suldal i det siste året meir enn dobla medlemstalet, frå 40 til 92. Det er ein imponerande rekord og syner at naturverninteressa i ryfylkekommunen er stor. Meir enn to prosent av alle innbyggarane i Suldal er no medlem i Naturvernforbundet.
Det er truleg fleire årsaker til den veksande interessa for naturvern. Mange av dei nye medlemmene kom i kjølvatnet av Fjordsøksmålet og Bård Tufte Johansen sin TV-serie «Oppsynsmannen», der NRK retta merksemda mot det store naturtapet i Norge. Veksten i medlemstalet har halde fram også i haust.
Naturvernforbundet er landets største demokratiske miljøorganisasjon.
– Me opplever sterk og aukande støtte. Svært mange reagerer på den omfattande nedbygginga av natur og manglande handling for å få ned klimagassutsleppa. Me skal gjera Naturvernforbundet til ei rørsle som regjering, storting og lokale styremakter må lytta til, uttalte Truls Gulowsen, leiar i Naturvernforbundet, før landsmøtet som blei arrangert i Trondheim i midten av november.