Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Skog er meir enn tømmer

Skog er meir enn tømmer

Naturvernforbundet meiner det er nok granskog i Suldal som det er og er sterkt imot eit treslagsskifte frå furu- eller lauvskog til gran.

Me vil rå til at Suldal kommune endrar sin tiltaksstrategi i meir miljøvennleg retning, der skogeigarar også vert oppmoda til å ta vare på dei rester av naturskog – skog som ikkje har vore flatehogd i nyare tid – me framleis har. Forskrifta opnar for at kommunen kan bidra med «Delvis dekning av økonomiske tap knyttet til langsiktig bevaring av spesielle miljøverdier, der hensyn til disse krever at skogeieren avstår fra hogst eller legger om skogsdriften» og også dekking av meirkostnader ved å unngå vegbygging i meir villmarksprega område.

 

Suldal kommune har hatt til høyring ein strategi for skogbruket der ein m.a. går  inn for å hogga meir furu- og lauvskog, og erstatta desse områda med granplanteskog etter hogst. Dette må vera det motsette av miljøtiltak i suldalsskogbruket, meiner Naturvernforbundet i Suldal.

Heile Naturvernforbundet i Suldal sitt lesarbrev fiin du her: Lesarbrev skog 201023

 

Bilde: Desse to skogsmiljøa er fotografert berre nokre få hundre meter frå einannan på Jelsa-halvøya. Den opphavlege edellauvskogen med m.a. eldgamle lindetre, er på eit område erstatta med granplantasje. Foto Rune Roalkvam

Forrige nyhet

Slik kan du skrive en god klage

27. oktober 2023

Karmøybuen Gunvar Mikkelsen har hatt stor suksess med å bruke naturmangfoldloven i klagesaker. Her er hans beste tips.

Neste nyhet

Det kan skje igjen!

28. november 2023

Vinteren 2002 ble Rogalandskysten rammet av et stort oljesøl som drepte hundrevis av sjøfugler. Den gang var oljevernberedskapen sterkt mangelfull. Nå ønsker vi å være bedre forberedt. Det er etablert en frivillig beredskapsgruppe, og vi vil gjerne ha deg med!