Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Meir kantsone langs elvane

Meir kantsone langs elvane

20. april 2021

Det biologiske mangfaldet er under sterkt press også i kulturlandskapet, men viss me gjer plass til litt natur mellom areala av dyrka mark kan mange artar finna seg godt til rette blant åker og eng. For å stoppa tapet av artar i jordbrukslandskapet er det heilt naudsynt å ha bøndene med på laget. 

Tekst: Stein Johan Warland, Naturvernforbundet i Rogaland. Kronikken har også stått på trykk i Bondevennen. Bilete: Jane Brit Sande, Bondevennen

 

Det viktigaste tiltaket for å ta vare på artsmangfaldet i jordbrukslandskapet er at ein gir plass til litt natur, og lauvtre som or, rogn, pil og selje i kantsonene langs vassdraga har spesielt positiv effekt.

Kun tre prosent av Noregs areal er dyrka mark, og i europeisk målestokk er gardane små. Det bør difor synast forståing for at bøndene ikkje ynskjer å gje slepp på allereie oppdyrka areal.

For å unngå at bøndene mistar dyrka mark kan ein fokusera på dei områda som av ulike grunnar ikkje kan dyrkast opp. Viss desse areala er av ein slik karakter at dei kan gje levestader for mange ulike artar vil det vera av stor betyding; spesielt i område med intensivt landbruk. Då vil ein kunna gje dei artane som er knytt til kulturlandskapet gode livsvilkår utan ulemper for gardbrukaren.

Kulturlandskapet på Jæren

Jordbrukslandskapet på Jæren er prega av intensivt landbruk, og det er lite opphaveleg natur igjen. Dette gjer det vanskeleg for mange artar å finna eigna levestader.

På Jæren manglar det i dag naturleg kantvegetasjon med lauvtre langs store delar av Hå- og Figgjoelva. Ei oppgradering av kantsonene langs desse elvene innanfor den lovpålagte sona på to meters breidde ville vore eit betydeleg bidrag i arbeidet med å ivareta det biologiske mangfaldet i dette området.

Kantsoner med tre er best

Dagens regelverk seier at det skal vera ei kantsone på minst to meter langs kvar side av elva. Viss det veks tre der kan dei ikkje hoggast, men viss dei blei hogde før 2001 kan grunneigaren ikkje påleggjast å planta nye. Ei restaurering av kantsonene på Jæren må difor baserast på frivilligheit frå bøndene si side.

Forsking frå både inn- og utland konkluderer med at kantsoner med stadeigne lauvtre langs vassdraga har særs mange fordelar.

Trerøtene hindrar erosjon og syg opp næringsstoff som elles ville hamna i elva, og trekronene kastar skugge. Dette hindrar både algevekst og at vatnet blir for varmt i periodar med lite vassføring og høge sommartemperaturar. Laksen er spesielt sårbar overfor høge temperaturar og gjengroing av gyteplassane, så kantsoner med tre vil gi  han  betre vilkår.

Område med lauvtre som veks ved vatn er særs attraktive leveområde for ei rekkje artar, og i slik natur kan det vera like tett mellom fuglereira som i ein tropisk regnskog.

Bestøvande insekt som humler og ville bier må ha tilgang til område som ikkje er dyrka opp for å klara seg, og i kantsonene kan dei finna både bustader og mat. Selja er svært viktige for desse artane då  ho tilbyr store mengder nektar tidleg på våren.

Kantsonene vil også gje skjul for sky artar som rådyr og hare, og fungere som ferdselsårer for artar som ikkje kan ta til vengjene.

Er det nokre ulemper? 

Det er diverre betydeleg motstand mot å restaurera kantsonene langs elvene på Jæren, og innvendingane ein kan høyra er at kantsonene bidreg til spreiing av ugras, at tre vil kasta skugge på åkeren og gje mindre avling, at det vil bli meir rev og grevling som forsyner seg med vipeegg, og at trerøtene øydelegg dreneringsrøyra.

Det finst ikkje støtte i forskinga for at kantsoner med tre gir større problem med spreiing av ugras enn kantsoner utan tre.

Trea vil laga noko skugge i nærleiken av kantsonene, men dette fører ikkje til reduserte avlingar. Forsking syner at tre langs åkeren faktisk kan gje opptil 30% høgare avling i vindutsette områder.

At det kan bli meir rev, mink og grevling som lagar problem for ein allereie fåtalig vipebestand er ikkje helt utenkjelig, men viss det er ynskjeleg kan antalet av desse artane haldast på eit minimum gjennom jakt.

Det er rektig at trerøtene kan veksa inn i og tetta dreneringsrøyr, men det problemet kan løysast med at ein nyttar røyr utan perforeringar dei siste metrane ned mot elvebreidda.

Vinn-vinn for gardbrukaren også

Tre langs elvene i jordbrukslandskapet er utan tvil ein stor fordel både for det biologiske mangfaldet og det som veks på åkeren, men det er ikkje alt.

Bøndene er helt avhengige av å ha støtte i befolkninga, og det at maten er produsert i Noreg er ikkje nødvendigvis nok. Det at naturen er på vikande front og mange artar er i tilbakegang er noko som opptek stadig fleire. Bønder som syner at dei tek vare på naturen rundt seg og legg til rette for eit variert landskap med eit rikt biologisk mangfald vil vera eit viktig bidrag til å legitimera norsk landbruk.

Eit variert og artsrikt jordbrukslandskap kan også vera med på å gje bøndene litt krydder i arbeidsdagen i form av en jamn straum av små og store naturopplevingar.

Bønder som ynskjer å leggja til rette for eit meir artsrikt kulturlandskap kan søkja om økonomisk støtte og rådgjeving til konkrete tiltak, som til dømes treplanting langs elver og vassdrag.

Kjelder:

Kulturlandskap i arealplanlegging – miljødirektoratet

Kantvegetasjon langs vassdrag – NVE

Miljørapportering i jordbruket – internasjonal rapportering på biologisk mangfold – Direktoratet for naturforvaltning

Why are riparian areas important? – Wyoming department of environmental quality

Riparian Areas Environmental Uniqueness, Functions, and Values – United States Department of Agriculture

 

Forrige nyhet

Solenergiforening avdeling Rogaland

19. april 2021

Gjennom prosjekt Solsats jobber vi for å få økt bruk av solenergi i Rogaland. Vi er derfor veldig fornøyd med at Solenergiforeningen nå starter opp en lokal arbeidsgruppe i Rogaland.

Neste nyhet

NVE sparer urørt natur

23. april 2021

NVE har bestemt at ny 132 kV linje mellom Jørpeland og Hjelmeland i hovedsak skal følge eksisterende 50 kV linje. Det er identisk med Naturvernforbundet sitt syn. – Gledelig vedtak fra NVE, sier Rune Folkvord i Vassdragsvernrådet.