Velg en side

Foreslår endå fleire vindturbinar på Høg-Jæren

Dette området skal etter planen teppebombes med enda flere høye vindturbiner. Foto. Espen Mills

Fleire viktige planar som gjeld naturen i Rogaland skal behandlast i tida framover. Eit nytt vindkraft-utspel frå Statkraft kan setja ytterlegare press på naturen på Høg-Jæren.

Statkraft vil ha raskare avklaring på spørsmålet om fleire vindturbinar ved kommunegrensa mellom Bjerkreim og Time. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) er bedt om å setja fart på behandlinga av Mellomstrand Vindkraftverk. Dette er eit område som ligg vest for Moifjellet, der Statkraft frå før ønskjer å etablera ein vindkraftpark med inntil 40 vindturbinar med ei høgde på opptil 200 meter.

For Mellomstrand Vindkraftverk, som vil koma i tillegg til planane for Moifjellet, er det foreslått 2 til 4 vindturbinar med totalhøgd på inntil 200 meter. ifølgje NRK ønskjer Statkraft at dei to vindkraftplanane blir behandla samtidig.

Mellomstrand vindkraftverk vil liggja innafor Time sin grenser og er planlagt å ha ein årleg energiproduksjon på 60-100 GWh. Planområdet er på 1439 dekar og består av areal til vindkraftverket og tilkomstveg.

Naturvernforbundet i Rogaland meiner at den massive vindkraftutbygginga på Høg-Jæren kjem i konflikt med verdiar knytt til både landskap, friluftsliv og inngrepsfrie naturområde. Dei mange vindturbinane er eit trugsmål mot enkelte fugleartar. Moifjellet er ein del av eit større rovfugltrekk på Høg-Jæren og Sørvestlandet, blir rekna som eit av dei viktigaste nasjonale rovfugltrekka. Det er funne fleire daude rovfuglar ved dei mange vindturbinane som i dag er oppførte på Jæren.

Den massive vindkraftutbygginga er ei sterkt medverkande årsak til store tap av naturområde. Rogaland, som ikkje er blant dei største fylka i areal, er i dag fylket med flest etablerte vindkraftverk på land. Me meiner det er nok vindkraft i fylket vårt nå.