
Stavanger sentrum er blant dei tre største cruisehamnene i landet.
Stavanger kommune har store ambisjonar om å kutta klimautsleppa, men satsar samtidig knallhardt på cruiseturisme. Det er eit stort paradoks.
Tal som kom fram i fjor viste at klimagassutsleppa frå cruisetrafikken i norske farvatn har auka kraftig dei siste åra. Nye berekningar viser at cruisenæringa er i ferd med å passera innanlands flytrafikk når det gjeld utslepp. CO2-utsleppa frå dei mange cruiseskipa langs norskekysten var i 2015 på 382.000 tonn. I 2023 hadde dei auka til heile 968.000 tonn, viser tal frå Kystverket.
Stavanger sentrum er blant dei tre største cruisehamnene i landet. Det betyr at Stavanger driv med noko som bidrar sterkt til klimagassutsleppa i Norge. Dette står i sterk kontrast til stavangerpolitikarane si målsetting om å jobba for klima og natur. Stavanger kommune har sett som mål å kutta klimagassutsleppa med 80 prosent innan 2030. Det målet er truleg urealistisk om cruisesatsinga skal halda fram som i dag.
Tal frå Miljødirektoratet som gjeld åra 2022 og 2023 har vist at klimagassutsleppa i Stavanger faktisk har auka litt i staden for å gå ned. Det skjer sjølv om folk er blitt flinkare enn før til å bruka sykkel og reisa kollektivt. Sidan 2015 skal klimautsleppa frå biltrafikken i Stavanger ha blitt redusert med heile 48 prosent. Det er jo bra, men klimautsleppa aukar tydelegvis på andre område.
Stavanger kommune ser ut til å driva eit dobbeltspel, og tar ikkje tak i det som monnar når utsleppa skal kuttast. I staden seier fleirtalet av lokalpolitikarane ja til store, flytande klimagassfabrikkar midt i sentrum! Ifølgje tal som har kome fram i media tidlegare i år er det venta 255 cruiseskip til saman til Stavanger og Sandnes i år, som er meir enn dei 236 som kom til Nord-Jæren i fjor. Det viser at veksten i cruiseturismen stadig er aukande.
Dobbeltspelet gjeld også statlege styresmakter. Dei set strenge krav til at ferjer og hurtigbåtar skal vera utsleppsfrie, men gir meir eller mindre blaffen i cruiseskipa. Dei fleste større cruisedestinasjonane ønskjer rett nok å kunna tilby landstraum til cruiseskipa. I Stavanger kan det vera på plass innan få år. Men hjelper det noko særleg?
Landstraumen vil ikkje kutta dei største utsleppa frå cruiseskipa. Berre om lag 10 prosent av det totale utsleppet frå cruise kan kuttast med landstraum, viste seniorforskar Hans Jakob Walnum i Vestlandsforsking til i eit intervju med NRK Rogaland tidlegare i år. Bergen har eitt av Europas største landstraumanlegg, men i fjor kom det fram at tre av fire cruiseskip som kjem til byen mellom dei sju fjell vel å ikkje bruka dette anlegget.
Ved sida av at cruisenæringa er den minst berekraftige forma for masseturisme me har i ein situasjon der klimakutt er heilt nødvendig, går den også direkte ut over natur og miljø. Dei store cruiseskipa påverkar faunaen på sjøbotnen fysisk. Det blir auka tilførsel av næringssalt gjennom kloakkutslepp, i tillegg til forureining som støy, søppel, mikroplast og oljesøl. For Stavanger, som frå før har eit hamneområde med forureina masser på sjøbotnen, er det stor fare for at dei svære skipa virvlar opp og spreier miljøgifter. Verken miljø- eller klimakonsekvensane av den omfattande cruisetrafikken blir tatt nok på alvor.