Velg en side

Besøkte Mostun for å feira godt nytt for havet

Stortingspolitikar Ingrid Fiskå (SV), som spretta kaka, påpeikte at vedtaket gir håp og at det nå er viktig å mobilisera alle gode krefter for at vedtaket, om ikkje å lysa ut konsesjonar for gruvedrift på havbotnen i 2025, skal bli ståande.

I budsjettforhandlingane med regjeringspartia nyleg klarte SV å få utsett planane om mineralutvinning på havbotnen. Det vil dermed ikkje bli lyst ut konsesjonar for gruvedrift på havbotnen i 2025, slik regjeringa hadde lagt opp til.

Natur og Ungdom, Naturvernforbundet og dei andre miljøorganisasjonane har jubla for at SV fekk gjennomslag for midlertidig stopp for gruveplanane. Måndag tok SV i Rogaland turen til Naturvernforbundet i Rogaland sine lokale på Mostun for å feira utsetjinga med kake.

Stortingspolitikar Ingrid Fiskå (SV), som spretta kaka, påpeikte at vedtaket gir håp og at det nå er viktig å mobilisera alle gode krefter for at vedtaket skal bli ståande. SV sitt gjennomslag vil nemleg berre gjelda fram til neste statsbudsjett, og mange fryktar at ei ny regjering vil opna for gruvedrift på havbotnen.

Ei av utfordringane blir å informera om kva mineralutvinning faktisk inneber for naturen. Dette er et nokså ukjent tema for folk flest. Det er snakk om å grava etter mineralar i sårbare og djupe havområde som me har lite, eller ingen, kunnskap om. Miljørørsla har vist til artar risikerer å bli utrydda, og at ein ikkje veit kva  konsekvensar dette kan få for resten av næringskjeda eller for havet si viktige evne til å lagra karbon. Natur og Ungdom, som har jobba hardt med denne saka, har kalla planane for det største naturinngrepet i norgeshistoria.

Miljøorganisasjonane viser til at Støre-regjeringa har køyrd ein ekstrem hasteprosess for å setja i gang med gruvedrift på havbotnen, der det verken er lytta til åtvaringar frå eigne fagstyresmakter eller nasjonale og internasjonale forskingsmiljø.

SV tok turen til Mostun for å feira med kake.