Velg en side
  1. Hjem
  2. Nyhetene
  3. Urovekkande utsikter for naturen i Rogaland

Urovekkande utsikter for naturen i Rogaland

Naturskadane i Rogaland er massive, og verre skal det bli. Me bur i eit fylke som er ein «versting» når det gjeld å ta vare på naturen rundt oss.

Den urørte naturen er i ferd med å forsvinna. I Rogaland er berre om lag 20 prosent av arealet inngrepsfritt, mot rundt 40 prosent på landsbasis. Dessutan har fylket vårt så å seia ingen område som ligger så langt frå næraste naturinngrep at dei kan klassifiserast som villmark. Rogaland er det einaste fylket i Norge som ikkje har nasjonalpark.

Samtidig opplever me at fugle- og fiskeartar forsvinn eller står i fare for å bli utrydda. Eit godt døme på det er villaksen, som det blir stadig mindre av, og for vårt fylke gjeld dette særleg oppdrettsregionen Ryfylke. Men det er ikkje berre livet i fjordar og elvar som er truga.

Det er heller ikkje greitt å vera fugl i dag. Dei mange vindturbinane på land er eit trugsmål mot enkelte fugleartar. Den massive vindkraftutbygginga får også andre negative konsekvensar, og er ein sterkt medverkande årsak til store tap av naturområde. Rogaland, som ikkje er blant dei største fylka i areal, er i dag fylket med flest etablerte vindkraftverk på land.

Utruleg nok ligg det an til endå meir omfattande vindkraftutbygging. Planane om ein stor vindkraftpark på Moifjellet i Bjerkreim inneheld opp til 38 nye vindturbinar som kan koma til å strekkja seg 200 meter over bakken. Og ikkje nok med det; i haust behandlar Sirdal kommune ein søknad om 50 vindturbinar i området Skreå/Tomannsbu, like på grensa til Gjesdal kommune, nær frilufts- og hytteområdet i Hunnedalen. Her er det tale om over 200 meter høge turbinar på dei høgaste toppane i dette fjellområdet, noko som vil medføra at vindturbinane blir synlege frå store delar av Sør-Rogaland, kanskje heilt frå Preikestolen på ein klarvêrsdag.

Ei verkeleg storstilt nedbygging av rogalandsnatur kan me få i Dalane. Inngrepa som gruveprosjektet til Norge Mineraler vil medføra, er av eit omfang som manglar sidestykke i Norge. Planområdet for dette gigantprosjektet omfattar eit totalareal på heile 67 kvadratkilometer. Det utgjer cirka 15 prosent av arealet i Eigersund kommune og er til samanlikning nesten tre gonger så stort som heile Randaberg kommune!

Dei nemnde aktuelle planane, som vil øydeleggja endå meir av naturen på Sørvestlandet, må sjåast i lys av at nærare 90 prosent av vassdraga i Rogaland allereie er regulerte til kraftproduksjon. Først har me ofra ein svært stor del av den verdifulle naturen vår til vasskraftutbyggingar, og nå er fjell- og heieområda i Rogaland også iferd med å bli fylte opp av stadig nye vindkraftplanar. Heller ikkje fjordområda går fri. Veksten i naturfiendtleg fiskeoppdrett ser ikkje ut til å stoppa med det første. Det kjem stadig nye søknader om lokalitetar, og oppdrettsindustrien erobrar stadig meir av fjordane våre.

Er det likevel håp for naturen i Rogaland? Svaret på det er nei, om me let den nåverande utviklinga halda fram. Saudas unge ordførar, Håvard Handeland (Ap), oppsummerte nyleg den triste utviklinga i eit debattinnlegg i Stavanger Aftenblad. Han peika på at ansvaret for naturvern i Norge ikkje lenger bør fordelast på 357 kommunestyre. Auka lokalt sjølvstyre har fått alvorlege konsekvensar for naturmangfaldet. Tap og oppstykking av areal gjer at naturen forsvinn bit for bit utan at nokon tar ansvaret for heilskapen. Tilsvarande ein fotballbane i timen blir den ubebygde naturen borte.

Gjennom arealplanar er det lokalpolitikarane som godkjenner dei fleste inngrepa. I ein rapport, som rådgivingsselskapet Menon Economics laga for Rogaland fylkeskommune tidlegare år, blir det vist til ei spørjeundersøking blant kommunale leiarar. Den fortel at dei aller fleste kommunar i stor eller nokon grad opplever at arealbruken blir bestemt av næringsinteresser. Rekrutteringsproblem og små fagmiljø fører til at kommunar gir etter for utbyggingspress.

I rapporten står det også at folkevalde i mange kommunar, og spesielt i distriktskommunar med svak økonomi, har insentiv til å byggja ned naturen for å leggja til rette for positiv utvikling i busetjing og næring. Det er stor mangel på kompetanse blant dei folkevalde om at utbygging påverkar naturmangfald og friluftsliv.

Dei enkelte kommunane har altfor stor makt når det gjeld naturen. Kvar enkelt byggesak kan i mange tilfelle stå fram som uskyldig, men summen er eit naturtap som ikkje kan halda fram.

I tråd med FNs naturavtale skal 30 prosent av all natur på land bli verna innan 2030. I Rogaland er 12,7 prosent av landarealet verna. Det er meir enn 5 prosentpoeng lågare enn landsgjennomsnittet. Naturmeldinga som regjeringa la fram i slutten av september skuffar og gir lite håp om meir vern. Innan arealplanlegging ser den nye strategien ut til å vera auka kunnskap og rettleiing, men dette er neppe nok. Naturen vil framleis tapa når utbyggjarane pressar på. Naturmeldinga kan nemleg også lesast som ei oppskrift på korleis ein kan leggja til rette for meir arealinngrep og kraftutbygging.

Me har i dag ei global naturkrise som er sidestilt med klimakrisa. Artar forsvinn og naturen si evne til å ta opp og lagra karbon, og dermed bidra i klimakampen, blir redusert merkbart. Fleire meiningsmålingar har vist at folk ønskjer seg meir bevaring av natur enn før. Me som kjempar for naturen er på den rette sida, med tanke på at forsking, fakta og realitet gir oss rett. 

Svaret på krisa frå dei som har politisk makt har til nå vore å byggja ned endå meir av Rogaland. Det bør ikkje folk akseptera lenger. Nå må bremsene på.

(Denne teksten har også vært publisert som debattinnlegg i flere lokalaviser.) 

 

BILDE: Slik ser det ut i området ved Moifjellet. Planane om ein stor vindkraftpark i Bjerkreim inneheld opp til 38 nye vindturbinar i dette naturområdet. Naturvernforbundet i Rogaland er sterkt uroa for framtida til naturen i fylket. Foto: Espen Mills

Forrige nyhet

Nå står kampen om vindkraft i Sirdal

10. oktober 2024

I slutten av oktober skal kommunestyret i Sirdal skal ta stilling til Hydro Rein sine planer for Skreå-området. – Utbygging av vindkraft er et betydelig arealinngrep og vi har ikke mer natur å miste i Rogaland og Agder, påpeker Randi Storhaug og Ingeborg Vrenne (bildet).